Krav til internkontroll

 

Kven er pålagt å ha internkontroll (IK) ?

Alle verksemder skal ha eit internkontrollsystem som sikrar at HMS lovgjevinga vært følgd. Dette kravet gjeld også for enkeltmannsføretak, burettslag, lag og organisasjonar, sameiger og andre organisasjonar.

Alle verksemder som nyttar elektriske anlegg og/eller utstyr i verksemda, skal ha eit internkontrollsystem som sørgjer for at eltryggleiken vert ivaretatt.

Internkontrollen rettar seg ikkje mot det elektriske anlegget, men verksemda. Ut frå dette er det eit krav at alle verksemder skal ha eit internkontrollsystem.

Oppbygging av internkontroll

Oppbygging av internkontrollen er gitt i 'Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter' (Internkontrollforskriften). Lenke til forskrifta. I § 5 er det synleggjort kva verksemda skal kjenna til og kva verksemda har krav på seg å dokumentera.

Det er ikkje gitt noko fast løysing på korleis internkontrollen skal utformast. Innhaldet i internkontrollen må tilpassast den einskilde verksemd. Når det gjeld eltryggleik er målet å førebygga at brann og straumskadar oppstår. I Internkontrollforskriften § 5 er det lagt føringar for korleis verksemda skal arbeida for å oppnå dette.

I dei fleste tilfeller vil det væra naturleg å samordna internkontrollen som går på eltryggleik og branntryggleik. Det vil væra mange samanfallande kontrollpunkter, som vil væra naturleg å sjå på under eit.