Eltryggleik i utleigebustadar

 

Ansvar for det elektriske anlegget

Over 40% av alle brannar skuldast feil på eller feil bruk av elektrisk utstyr. Det er utleigar som er ansvarleg for det elektriske anlegget, men som leigetakar er det ditt ansvar å melda frå dersom det oppstår feil eller manglar på det elektriske anlegget.

Det er leigetakar som har det dagleg tilsynet og brukar det elektriske anlegget, ut frå dette vil det væra leigetakar som først oppdagar feilen. Det er leigetakars ansvar å melda frå til utleigar, dersom ein har misstanke om at noko er feil.

Kva skal du væra på vakt over:

  • Sikringar som ofte løyser ut
  • Du får elektrisk støyt
  • Lys som blinkar eller flimrar
  • Brunsvidde stikkontaktar / støpsel
  • Svidd / brent lukt frå elektrisk utstyr