Tilsyn med bustad og hytter

Nettselskapa er pålagt frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) å utføra tilsyn med det elektriske anlegget i bustadar og hytter i nettselskapet sitt forsyningsområde.

Eit bustadhus skal normalt vera gjenstand for tilsyn (kontroll) om lag kvart 20. år. Hytter skal kontrollerast med eit intervall på om lag 30. år.

Ved utføring av kontroll skal huseigar/leigetakar eller ein person som huseigar/leigetakar utpeikar, delta under kontrollen.

Kva vert kontrollert?
Det elektriske anlegget vert kontrollert for varmgang, isolasjonsmotstand mot jord, berøringsfare og at anlegget er i forskriftsmessig stand.


Det vert utført kontroll av:

  • Inntak
  • Sikringsskap
  • Isolasjonsmotstand mot jord
  • Jordingsanlegg
  • Utjamningssamband til jord
  • Runde i heile huset (alle rom), for å sjå om det er skade/farar med det elektriske anlegget.

Normal saksgong

  •  Varsel om kontroll - Brev til kunde – Om lag ei veka før (postgong)
  • Utførande kontroll
  • Ved ingen feil/manglar – Sak godkjent og avslutta
  • Ved påviste feil og manglar
  • Varsel om vedtak – Brev til kunde –– Kunde har 30 dagar til eventuell klage.
  • Vedtak – Brev til kunde – Kunde har 60 dagar til utbetring
    Merk: Utbetring skal utførast av godkjent elektroinstallatør
  • Purring – Brev til kunde – Blir sendt til kunde, dersom det ikkje føreligg feilrettingsrapport frå installatør innan gitt frist.

Plikter
Eigar og brukar skal syte for at det elektriske anlegget og elektrisk utstyr til ei kvar tid er godt vedlikehalde. Er det elektrisk anlegget/utstyret godt vedlikehalde, er det med på å redusera risikoen for feil og manglar.

Eit trygt elektrisk anlegg/utstyr skal vera i ein slik tilstand at det er trygt å bruka og at det ikkje oppstår fare for liv eller eigedom.

Den som til ei kvar tid eig eller brukar det elektriske anlegget/utstyret er altså ansvarleg for å utbetra feil og manglar på det elektriske anlegget/utstyret.