Nøytralitet

For at kraftmarknaden skal vera effektiv må konkurransen fungera. Difor er det eit skilje mellom den monopolregulerte delen og den konkurranseutsatte delen av verksemda. Difor har Kvinnherad Energi Nett og Kvinnherad Energi Kraft separate nettsider. Kvinnherad Energi Nett skal handsama alle kraftleverandørar nøytralt og Kvinnherad Energi Kraft har ikkje automatiske fordelar av å halda til i same hus som Kvinnherad Energi Nett. NVE utfører tilsyn med at krava til netteigars nøytrale opptreden vert overhalde. Les meir om skiljet mellom monopol og marknad på sidene til NVE.