Nettleige prisar - 2017

Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane med ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap. Fullstendig tariffhefte klikk her

Kostnadsfordeling2017

Kven får nettleigeinntektene? Sjå kakediagrammet for fordeling av nettleigeinntektene, døme er ein hushaldning på eit årsforbruk på 20.000 kWh

Historiske nettleigeprisar

Nettleigeprisar 01.06-01.10.2017

Nettleigeprisar 01.01-31.05.2017

Nettleigeprisar 2016

Nettleigeprisar 01.07-31.12.2015

Nettleigeprisar 01.01-30.06.2015

 

Nettleige for privatkundar

Transport av kraft i Kvinnherad Energi AS sitt fordelingsnett vert frå 01.01.2017 fakturert etter desse tariffar. (Alle prisar på tariff NH er inkl. Enova-avgift 1,0 øre/kWh, forbruksavgift på 16,32 øre/kWh og 25 % meirverdiavgift). Sommar: 01.05-30.09 Vinter: 01.01 - 30.04 og 01.10 - 31.12

Nettleige næringskundar

Transport av kraft i Kvinnherad Energi AS sitt fordelingsnett vert frå 01.01.2017 fakturert etter desse tariffar. (Alle prisar på tariffane NN og NNM er ekskl. Enova- avgift 800 kr/år, forbruksavgift på 16,32 øre/kWh og 25 % meirverdiavgift)

Nettleige for vegljos og byggje- og anleggstraum


Transport av kraft i Kvinnherad Energi AS sitt fordelingsnett vert frå 01.01.2017 fakturert etter desse tariffar.  (Alle prisar på tariffane NVM og NA er ekskl. Enova- avgift 1,0 øre/kWh, forbruksavgift på 16,32 øre/kWh og 25 % mva)
 

Sommar: 01.05-30.09 Vinter: 01.01 - 30.04 og 01.10 - 31.12

Sommar: 01.05-30.09 Vinter: 01.01 - 30.04 og 01.10 - 31.12

Ventetariff-Leveringsplikt:

Alle nye kundar som ikkje har vald seg ein kraftleverandør frå og med startdato bli tildelt netteigar sin ventetariff i samsvar med reglane om leveringsplikt i NVE si forskrift for måling, avrekning og fakturering av 11. mars 1999 nr. 301 § 7 - 1

Ventetariff (første 6 veker):       Forbruksvekta spotpris + 5,0 øre/kWh + mva

Ventetariff (f.o.m. veke 7):        Forbruksvekta spotpris + 9,0 øre/kWh + mva

Linjer for byggje- og anleggsverksemd:

Ved framføring av midlertidige linje/kabelanlegg må kunden betala dei reelle kostnader.

 Bruk av nettet:

Anleggseigar/brukar må på førehand innhenta løyve frå netteigar for tilknyting av større apparat og motorar som kan valda skade eller vera til ulempe for netteigar eller andre nettkundar.

Frå- og tilkopling av anlegg.

Dersom kunden ynskjer fråkopling av eit anlegg for kortare eller lengre tid må det ved ny tilkopling betalast eit tilkoplingsgebyr på kr 2000 + 25% mva.

Utkalling av montørvakt

Dersom kunde meldar feil, og montør frå Kvinnherad Energi må møte opp etter ordinær arbeidstid og avdekkar feil på kunden sitt eige anlegg, blir kunden belasta med eit gebyr på kr 2000 + 25%.mva.

Betaling og inkasso:

Ved for sein betaling vert det lagd til renter i medhald av lov om forseinka betaling. Ved utskriving av ekstra betalingsvarsel vert kunden belasta med purregebyr på kr 70 for kvar purring.

Dersom kraftleveringa til eit anlegg vert stengd på grunn av manglande betaling skal det, før ny tilkopling, betalast eit gebyr for frå- og tilkopling på kr 1000. Om kunden ynskjer opning av stengd anlegg etter ordinær arbeidstid skal det betalast eit tilleggsgebyr på kr 2000. Alle satsar er eks. mva.

Avrekning av nettleige skjer etter "Forskrift om måling, avrekning og samordnet opptreden ved kraftomsetning og fakturering av nettjenester" fastsett av NVE. Ein syner elles til Energi Norge sine standardvilkår for tilknyting, nettleige og levering av elektrisk kraft og til energiverket sin standard nettleigekontrakt.