Avtale for nettleige og vilkår for tilknytning

[FULLSTENDIG AVTALE (pdf)]

Særskilte avtalevilkår

Endringar/tillegg til ”Standard avtale for nettleige og vilkår for tilknytning”.

Energi Norge sin ”Standard avtale for nettleige for privatkundar og vilkår for tilknytning” vert gjort gjeldande som Kvinnherad Energi AS sin standardavtale med verknad frå 01.01.07. Avtalen regulerar det rettslege tilhøvet mellom Kvinnherad Energi AS som netteigar når ikkje anna er avtalt i særskild kontrakt.

Kvinnherad Energi AS sin standard nettleigeavtale for næringskundar vert gjort gjeldande som standardavtale med verknad frå 01.03.03. Avtalen regulerar det rettslege tilhøvet mellom Kvinnherad Energi AS som netteigar når ikkje anna er avtalt i særskild kontrakt.

Generelle opplysningar

Nettselskapet har som hovudregel plikt til å gi alle tilgang til nettet (tilknytningsplikt).

Tilknytninga skjer i samsvar med lov og forskrifter og med nettselskapet sine tilknytningsvilkår.

Levering av elektrisk kraft føreset at det ligg føre ei avtale mellom kunden og nettselskapet på staden. Dersom uttak av kraft skjer utan at det ligg føre ei gyldig nettleigeavtale, vert det rekna som at brukaren har godteke og tiltredd at nettselskapet sine vilkår for nettleige. Ved kjøp av kraft vert det føresett at kunden inngår ei avtale med kraftseljaren, som i samsvar med forskrift gir melding om dette til nettselskapet. Dersom kunden ikkje har inngått kraftavtale med nokon kraftleverandør, vil nettselskapet levere kraft i medhald av forsyningsplikta, jmf. energilova §3-3. Les fullstendig avtaletekst her

Netteigaren stiller i samsvar med konsesjonsvilkåra leidningsnettet sitt til disposisjon for andre som står for elektrisitetsforsyning, og for produsentar og brukarar av elektrisk energi, noko som inneber at ein som kunde fritt kan velje kraftleverandør.

Kontrakten er utarbeidd av Energi Norge i samarbeid med Forbrukarombodet.