Vilkår for tilknytning

Vilkår for tilknytning til ledningsnettet ved Kvinnherad Energi AS

Gjeld frå 26.03.2013                                                                                                        [ Utskrift ]

 

Utrekning av anleggsbidrag er basert på NVE si forskrift FOR 1999-03-11 nr. 302: Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer (§ 17- 5 Anleggsbidrag). Forskrifta er å finna på Lovdata (www.lovdata.no).


Alle nye nettilknytningar og nettforsterkningar basert på auka kapasitet frå eksisterande nettkunde skal kostnadsreknast for å kunna fastsetja størrelsen på anleggsbidraget.
Døme på nye typar nettanlegg der det skal reknast på er:

  • Tilknytning av fritidshus/hytter
  • Tilknytning av bustadhus/leiligheter.
  • Tilknytning av naust, garasjer og mindre anlegg.
  • Tilknytning av produksjonsanlegg.
  • Tilknytning av næringsbygg,offentlege bygg.
  • Tilknytning av fiskeanlegg


Anleggsbidraget skal reknast ut frå nettselskapet faktiske kostnader for den konkrete tilknytninga eller behov for auka kapasitet. Dette medfører at det endelege anleggsbidraget fyrst kan beregnast etter at tilknytninga er fullført og alle kostnader er kjent.


KE skal alltid på førehand informera kunden skrifteleg om stipulert størrelse på anleggsbidraget og korleis det vert utrekna.


Ved utrekning av anleggskostnad som inngår i anleggsbidraget skal ein nytta sjølvkostpris. Anleggskostnaden er nødvendige kostnader ved nytilknytning eller forsterkning. I anleggskostnaden skal det inngå prosjekteringskostnader, materialkostnader, montasje, maskinkostnader, transport og utstyr samt fordelte adm. og lagerkostnader. I tillegg kjem eventuelle eksterne kostnader som entreprenør, erstatning, tinglysing m.m..


KE bestemmer stikkledningens plassering, type og dimensjon. KE fører fram stikkledningen som jordlkabel eller som luftlinje. Stikkledningen vert som kabel avslutta ved grunnmur og som luftlinje på husvegg.


Bruk av bunnfrådrag

KE har eit bunnfrådrag på kr. 10 000,- ved utrekning av anleggsbidrag. Dei resterande kostnadane for tilknytning må dekkast av kunden som anleggsbidrag.


KE nyttar bunnfrådrag ved berekning av anleggbidrag for:

  • Alle nye nettkundar (målt og tariffert)
  • Nettforsterkning til eksisterande nettkundar som treng/krev auka nettkapasitet.
  • Nye produsentar (minikraftverk m.m.)

For feltutbygging vert bunnfrådraget utrekna med grunnlag i antal prosjekterte (regulerte) tomter og vert trekt frå den berekna anleggskostnaden.
For andre typar nettanlegg vert det kunn gjeve eitt bunnfrådrag for nybygging pr. tomt.


Eigarskap, drift og vedlikehald:

Alle nettanlegg fram til grenseskille mellom kunden sin installasjon og KE sit nett (tilknytningspunkt) er KE sin eigedom sjølv om deler av nettet heilt eller delvis er finansiert gjennom anleggsbidrag betalt av kunden. KE har drifts- og vedlikehaldsansvar for eige straumnett og vil dekka framtidige drifts-, vedlikehalds- og reinvesteringskostnader.

 

 

 

 

  •