Kva kan du utføra på det elektriske anlegget?

Det er kun verksemder som er registrert i DSBs sentrale register som har lovlig adgang til å utføra og vedlikehalda elektriske anlegg. Som ikkje-faglært har du likevel lov å utføra mindre arbeider.

Ikkje-faglært kan bare utføra mindre arbeider i samband med elektriske anlegg i eigen bustad og fritidsbustad, dersom slikt arbeid utførast tryggleiksmessig forsvarleg.

Med mindre arbeid meinast:

  • Skifta deksel for koplingsboksar, brytarar og stikkontaktar, men ikkje den veggfaste delen.
  • Montera og skifta varmeomnar som har bevegeleg leidning og støpsel.
  • Kopla eller skifta topola støpsler i bevegeleg leidning til og med 25A, med og utan jording.
  • Kople til eller skifta topola skøytekontaktar, apparatkontaktar og montera leidningsbrytarar.
  • Kopla til lampettar, bordlampar osv. med bevegeleg leidning og montera leidningsbrytarar.

  • Kople til og skifta lampar som heng i takkrok eller liknande, tilkopla med støpsel/stikkontakt, kroneklemme eller 'sukkerbit', dersom ikkje lampane er å betrakta som ein del av den faste installasjonen. Det må vera strekkavlastning på sjølve leidningen slik at leidningane ikkje belastast fysisk.

Kjelde: DSB - Elsikkerhet


Lavvoltanlegg - Spenning lågare en 50 Volt - Utført av ikkje-faglært

  • Effekten skal ikkje overstiga 200VA (ca 200W)
  • Montering og brukarveileidning vert nøye fulgt
  • Heil anlegget er lett tilgjengeleg for visuell inspeksjon og kontroll
  • Tilkopling til 230 Volts nettet skal utførast av registrert elektroinstallatør
    Gjeld ikkje dersom trafo er levert ferdigkopla med støpsel.