Berekning av kostnader ved flytting

Rutine for berekning av kostnader med flytting av elektriske anlegg ved Kvinnherad Energi NETT         [ Utskrift ]

 

1.0   Bakgrunn

Flytting av elektriske anlegg er basert på NVE si forskrift (kontrollforskrift),  FOR 1999-03-11 nr. 302: Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer. Forskrifta er å finna på Lovdata (www.lovdata.no). Denne forskrifta regulerer og gir føringar for korleis flytting av nettanlegg skal handterast.

KE nett sin rutine for berekning  av kostnader med flytting av nettanlegg gjer greie for vår praksis og er utarbeida for å dokumentera at krava i forskrifta er oppfylt.

 

2.0  Generelt om flytting av nettanlegg kontrollforskrifta $1-4

«Kunden kan fakturerast for meirkostnader  forbunde med endring av eksisterande anlegg, eller når han etterspør tenester som normalt ikkje kan forventast levert.»

Dersom KE nett får forespørsel om å flytta deler av vårt nett, for eksempel ein nettstasjon, ynskje om omlegging av luftledning til kabel i bakke eller flytting av ei høgspentlinje kan KE nett krevja kostnadane dekka av den som ber om endringar  etter kontrollforskrifta §1-4. Slike arbeid blir gjerne omtala som rekningsarbeid.

KE nett som har oppført nettanlegg har i utgangspunktet ein rett til å la nettet stå slik som det er så lenge det er i forskriftsmessig stand. Som monopolist bør KE nett etter NVE si oppfatning prøva å finna gode løysningar i saker der nett trase eller plassering av nettkomponentar kjem i konflikt med andre omsyn/tiltak.

NVE legg til grunn at dersom eit nettselskap motset seg flytting av anlegg så må dette grunngjevast ut frå nettmessige forhold.

KE nett kan ta seg betalt for meirkostnadane forbundne med endring av nettanlegg. Dersom endringa medfører at eldre komponentar i nettanlegget blir skifta ut med nye, medfører dette at det blir gjort reinvesteringar i nettanlegget. Reinvisteringa skal ikkje belastast enkeltkundar ettersom dette er endringar som forlenger anleggets levetid og som dermed kjem alle nettkundar til gode. Desse kostnadane blir som drift og vedlikehald generelt dekka gjennom nettleiga og blir teken høgde for ved fastsettinga av KE nett si inntektsramme. KE nett kan likevel belasta kunden for at desse oppgraderingane i nettet blir gjort tidligare enn nødvendig. (framskundingskostnad).

Merk at også kostnader ved demontering av anlegget og montering av nytt i forbindelse med flyttinga av nettanlegget skal bereknast som framskundingskostnader, ettersom desse operasjonane uansett ville blitt utført ved slutten av nettanleggets levetid.

Kostnader forbunde med flytting av nettanlegg skal ikkje inngå i eit anleggsbidrag med mindre flytting av nettanlegget er nødvendig for å tillata tilknyting eller forsterkning.

 

Kunden skal forholda seg til KE nett dersom det er ynskje om endring av nettanlegg. Det er KE nett som skal stå for kundekontakt og alt oppgjer.

KE nett må sjå til at alle tilfelle blir handsama likt, jf. KE nett si plikt til å tilby alle som etterspør nettenester ikkje diskriminerande og objektive punkttariffer og vilkår. Dette medfører likevel ikkje at det må gjevast bunnfrådrag på betaling etter etter kontrollforskrifta §1-4 sjølv om KE nett gjev bunnfrådrag på anleggsbidrag.

 

3.0 Prinsipp for flytting av nettanlegg ved KE nett:

Alle saker knytt til flytting av nettanlegg skal kostnadsbereknast for å kunna fastsetja størrelsen på flyttekostnaden.

Døme på flytting av nettanlegg er:

  • Flytting av eit nettanlegg for å skapa plass til utviding av bustad/garasje
  • Flytting av nettanlegg for å skapa plass til annan infrastruktur til dømes veg

 

Bruk av faktiske kostnader:

Flyttekostnaden skal bereknast ut frå KE nett sine faktiske kostnader for den konkrete flyttinga.  Dette inneber at den endelege flyttekostnaden fyrst kan bereknast etter at flyttinga er utført. Det skal nyttast same sjølvkostprisen som blir nytta ved utrekning av anleggsbidrag.

Det skal leggjast til Mva på flyttekostnaden.

KE nett skal alltid på forhand informera kunden skriftleg om estimert størrelse på flyttekostnaden og korleis dette er berekna.

 

Bruk av botnfrådrag:

Det skal ikkje brukast botnfrådrag ved flytting av elektriske anlegg.

 

Teknisk levetid:

Det skal nyttast same rutine som i «berekning av anleggsbidrag ved KE nett»

Utrekning av framskundingskostnad

KE nett nyttar følgjande formel for berekning av framskundingskostnad :

 

Formel.png

RI = reinvesteringskostnad

K = kalkulasjonsrente= 4,5%

t  =  restlevetid  på anlegget

 

Følgjande rutinar skal leggjast til grunn ved flytting av nettanlegg ved KE nett:

  • Dersom flyttinga ikkje blir ei reinvestering , dvs ei oppgradering av eksisterande anlegg , skal kunden dekka alle kostnader med flyttinga.
  • Når teknisk levetid er utgått.  Dersom flyttinga blir ei reinvestering dekker KE nett kostnaden  med reinvestering til opphaveleg dimmensjon.
  • Når teknisk levetid ikkje er utgått.  Dersom flyttinga blir ei reinvestering skal kunden dekka framskundingskostnaden av reinvesteringa.
  • Det skal nyttast standard kalkulasjonsrente på 4,5%

 

4.0  Beregningsmetode for flytting av nettanlegg  ved KE nett:

Det er berre anleggskostnadane for flyttinga som skal takast med i kostnadsgrunnlaget  ved berekning og fastsetjing av flyttekostnaden:

I anleggskostnadane inngår

  • Prosjekteringskostnadar
  • Materialkostnadar
  • Montasjekostnadar (sjølvkost)
  • Maskiner (graving, transport etc)
  • Kostnader ved bruk av entrepenør
  • Erstatning

         Flyttekostnaden bereknast då slik:

Anleggkostnad  med flyttinga                                                                               = A

*) Framskundingskostnad- rest levetid-reinvestering/flytting av anlegg               = B

**) Eventuell fordel for andre nettkundar                                                              = C      

Eventuell restverdi materiell                                                                                 = D     

Flyttekostnad                                                                      F  = (A + B – C – D)  + Mva  (kr)

 

 

*) KE nett dekkjer kostnad med reinvestering til opphaveleg dimensjon når teknisk levetid er gått ut. I tilfelle der teknisk levetid ikkje er gått ut skal nettkunden berre dekka kostnader med framskunding av reinvestering. Gjenverande teknisk levetid nyttast og blir fastsatt av KE nett. Standard kalkulasjonsrente for kraftnett nyttast (4,5%).

 **) I enkelte tilfelle vil investering i felles radielle anlegg ved nye flytting også koma andre kundar til gode utan at desse kundane har kravd flytting. KE nett dekkjer då forholdsmessig den del av flyttinga  som fell på eksisterande nettkundar når denne nettmessig blir vurdert å vera eller kan bli nødvendig for å oppretthalda tilfredstillande overføringskapasitet og leveringskvalitet med normal lastutvikling i området.

 

5.0  Flytting av nettanlegg. Kontakt med kunde

  • Det skal vera god dialog mellom saksbehandlar i KE nett og kunde
  • Kunden skal få nødvendig informasjon og rettleiing om gjeldande regelverk og KE nett sine rutinar ved flytting av nettanlegg.
  • KE nett skal alltid på førehand informera kunden skriftleg om stipulert størrelse på forventa kostnad med flyttinga.
  • Kunden skal skriftleg bestilla flyttinga hos KE nett.
  • Ved større flyttingar (over 30.000,-) skal det lagast skriftleg avtale med kunden jf. Standard brevmal-flytting nettanlegg.

6.0  Betalingsvilkår

Kostnader med flyttinga skal fakturerast etter fylgjande prinsipp:

  • Flyttekostnad  under kr 30.000,- blir som hovudregel fakturert 1 gang. Andre betalingsterminar kan avtalast.
  • Flyttekostnad  over kr 30.000,- blir som hovudregel fakturert med akontobeløp ihht medgåtte kostnader.
  • For større flyttingar kan det bli krevd inn forskotsbetaling ved bestilling av tjenesten.

 

Flyttekostnad vert fakturert med Mva.

 

7.0  Arbeid som ikkje skal behandlast som flytting ihht denne rutinen:

  • Kostnader forbunde med flytting av nettanlegg der flyttinga må utførast for å kunna tillata tilknyting av nye kundar eller forsterkning av nettanlegg.  Dette skal handsamast ihht KE nett sin rutine for anleggsbidrag.   
  • Flytting av anlegg som kjem inn under veglova  skal ikkje behandlast ihht denne rutinen.

  

Dimmelsvik 30.09.2014                     

Kjell Enes
Teknisk Leiar

 

Dokument nr.: 11326