Skal du kjøpa eigedom?

Skal du kjøpa eigedom (næring/bustad/hytte) vil vi anbefala at eit av skjekkpunkta er å kontakte DLE for å undersøkje om det ligg føre pålegg om feil eller manglar på det elektriske anlegget på eigedomen. Pålegg om utbetring følger eigedomen.

Samsvarserklæring

Det har sidan 1. juli 1999 vært krav om at elektroinstallatørane skal skriva ut samsvarserklæring på alt utført elektroarbeid.

Er det utført rehabilitering/ombygging av eigedomen, har det i dei fleste tilfeller også vært naudsynt med arbeid på det elektriske anlegget. For å kontrollera om dette er utført av kvalifisert personell og fagmessigt utført, kan du etterspørja Samsvarserklæring for det utførte arbeidet.