Kva er inntektsramme?

Inntektsramme, tak på kor  mykje eit nettselskap årlig kan krevja inn i nettleige får sine kundar.

Det vil verken vera samfunnsøkonomisk riktig eller estetisk ønskeleg med konkurrerande straumnett på samme måte som når det gjelder konkurrerande kraftleverandørar. Nettdrift er  det vi kaller eit naturlig monopol.

For at nettselskapene ikkje skal ha moglegheit for å ta for høg nettleige fastsetter Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) (http://www.nve.no/no/Kraftmarked/Regulering-av-nettselskapene/)  årlig ei individuell inntektsramme for kvar enkelt selskap. Inntektsramma innebærer at det er satt eit tak for kor store inntekter eit nettselskap kan berekna seg, og nettselskapet skal berekna nett-tariffen (nettleiga) slik at inntekten for det enkelte år så langt som mogleg ikkje overstig inntektsramma og dei kostnadene som tillatast dekka inn. NVE fastsetter inntektsrammene slik at inntekten over tid skal dekke kostnadane til drift og avskrivning av nettet, samt gje ei rimeleg avkastning på investert kapital under forutsetning av effektiv drift, utnyttelse og utvikling av nettet.

Nettvirksomheten til Kvinnherad Energi er konsesjonsbelagt, dette medførar at NVE bereknar ei inntektsramme per år. Inntektsramme blir gitt frå NVE ein gang per år, og Kvinnherad Energi må forhalde seg til inntektsrammen. Tar ein for lite av inntektsrammen eit år, då blir det ei mindreinntekt som må takast inn over nettleigeprisane i dei kommande årene. Tar ein inn for mykje får ein meirinntekt, dette blir då tilbakeførd. I den situasjonen som har vore hittil i år, har vi opparbeida oss ei midreinntekt, men vi er pålagd  å kome så nære nullpunkt som er gitt i inntektsrammene. Døme om Kvinnherad Energi har fått inn tildelt ei inntektsramme på 40 millioner kroner, og når året blir gjort visar seg at vi kun tok 38 millioner, så er det oppstått ein mindreinntekt på 2 millioner kroner som må takast inn over framtidige nettleigeprisar. Tilsvarande om vi tok inn 42 millioner kroner, må vi justere nettleiga deretter på framtidige nettleigeprisar.