Har du eit gamalt elektrisk anlegg?

Begrensa levetid og auka effektbehov

Materiellet i eit elektrisk anlegg har ikkje ubegrensa levetid. Kor lang levetida er kjem an på omgivnadar og bruk. Generelt kan ein sei at når det elektriske anlegget/utstyret nærmar seg 30 år, vil det i dei fleste tilfelle væra behov for ei oppgradering/utskifting.

Oppussing av ein bustad bør også omfatta det elektriske anlegget. Eldre bustadar har som regel eit elektrisk anlegg som er dimensjonert for eit heilt anna bruk og effektbehov, enn det som dagens elektriske installasjonar krev.


Oppgradering av inntak og sikringsskap

Har du eit elektrisk anlegg der sikringane i inntaket løyser ut (sikring ryk), er det sterkt anbefalt at du får oppgradert inntak. I mange tilfelle vil det også vera naturleg/naudsynt å oppgradera sikringsskapet. Kontakt godkjent elektroinstallatør for å få ein gjennomgang av ditt elektriske anlegg.

Fordeler med oppgradert anlegg:

  • Inntak som er tilpassa ditt forbruk
     
  • Har du skrusikringar? Oppgrader til sikringsskap med jordfeilautomatar.
    • Unngår at sikring er for dårleg tiltrekt (varmgang)
    • Blir lettare å sjå kva kurs som er løyst ut
       
  • Sikringsskap med jordfeilbrytar på kvar sikringskurs (jordfeilautomat)
    • Bare den kursen som har jordfeil løyser ut.
    • Unngår at jordfeil på andre elektriske anlegg (nabo), løyser ut din jordfeilbrytar.
       
  • Få lagt opp fleire sikringskursar
    • Ved fleire sikringskursar, vært risikoen for overbelastning redusert
       
  • Få lagt opp fleire stikkontaktar
    • For å redusera bruken av skøyeleidningar, vert det sterkt anbefalt å montera opp fleire stikkontaktar i romma.

Oppussing - Kontakt elektrikar i tidleg fase

Når oppussing av eit rom vært planlagt, er det viktig å kontakte ein elektroinstallatør i tidleg fase. Ved å få elektroinstallatøren på plass i tidleg fase, vil ein i dei fleste tilfelle lett kunna oppgradera den elektriske installasjonen til dagens bruk og krav.