Informasjon til Installatørar

 

Melding om installasjonsarbeid:

Installatør skal melda arbeid tidlegast råd. Innsending av førehandsmelding om installasjonsarbeid bør utførast så snart installatør har påtatt seg oppdraget.


Melding om spenningsetting

Melding om spenningsetting skal varslast seinast 5 virkedagar før ynskt tilkopling.


Meldingssystem

 

Elektronisk

Kvinnherad Energi nyttar Enoro Elwin som saksbehandlingsverktøy for melding om installasjonsarbeid.

Dette er ei nettbassert løysing, der installatør må få tildelt brukarnamn og passord for å kunne nytta. Det er DLE som etter førespurnad, administrerar tilgong.

Link til påloggingsside: Enoro Elwin Installatørmeldning

Manuelt

Som hovudregel er det den nettbasert løysing som skal nyttast. Men for instllatørar som skjeldan har arbeid i vårt forsyningsområde og for personell som har løyve til å installera i eigen bustad/fritidshus, vil det vera naturleg å nytta skjema for melding om installasjonsarbeid.

Last ned: Melding om installasjonsarbeid

Last ned: Vegleiing for utfylling av skjemaet


Melding om installasjonsarbeid sendast til:

E-post til: dle@kvinnherad-energi.no

Post til:  Kvinnherad Energi AS
              Vikjo 7
              5464 DIMMELSVIK