Brukarråd for elektriske apparat

Alle elektriske apparat som vært tilkopla straumnettet, vil medføre ein viss risiko.

Elektriske apparat
Feil bruk og dårleg vedlikehald av elektriske apparater og utstyr er blant dei vanlegaste årsakene til bustadbrannar.

Komfyr - Komfyrvakt
Det er stilt krav om at alle nye elektriske bustadinstallasjonar skal ha komfyrvakt. Ein komfyrvakt kan enkelt monterast inn i den elektriske installasjonen. Komfyrvakta hindrar tørrkoking og at plater vert gløymt på. Komfyrvakta vil ved unormal høg temperatur slå av straumtilførselen til komfyren.

Har du eit eldre elektrisk anlegg, er det mogeleg å ettermontera komfyrvakt. Det er ulike typar på marknaden, nokre føl på temperaturen, andre er på tid (tidsstyrt). Kva som er den beste løysinga for deg, kjem an på livssituasjon. Den enklaste er tidsstyrt, denne kan i dei fleste tilfelle monterast sjølv. Den tidsstyrte komfyrvakta vil i dei fleste tilfeller være den beste løysinga for eldre personar.


Flyttbare varmeomnar

  • Ved kjøp av varmeomn er det viktig at du kontrollerar at produktet er produsert og dokumentert i høve til gjeldande EU krav. EU krava for elektriske produkt, gjeld også i Noreg.

  • Følg montasjeanvisning og sikkerheitsinformasjon frå produsent.

  • Flyttbare varmekilder må bare nyttast som tilleggsoppvarming.

  • Varmeomn må tilkoplast stikkontakt i rommet den er i bruk. Må ikkje bruka skøyteleidning.

  • Varmeomn må ikkje plasserast nær brennbart materiale.

  • Flyttbar varmeomnar bør ikkje nyttast utan tilsyn.

  • Flyttbar varmeomn bør ikkje nyttast når du sover.

  • Er det barn eller dyr i rommet, bør ein unngå å nytta flyttbare varmeomnar.

  • Ikkje trekk ut støpselet med last på varmeomnen, slå varmeomn av med brytar.

  • Ikkje dra vermeomn etter leidningen.

  • Ved lagring av varmeomn, må denne lagrast slik at korrosjon ikkje oppstår.

  • Oljeomnar som lek olje, må ikkje nyttast. Svært brannfarlege.

  • Vifteomnar har behov for stor luftgjennomstrøyming for å fungera som den skal. Viktig med tilstrekkeleg avstand både bak og framom vifteomn.

Stand-by
Det vært anbefalt å slå alle elektriske apparter av med brytar, når dei ikkje er i bruk.

Termoststyrte apparat
Mange elektriske apparat er utstyrt med termostat, nemner nokre; Kaffitraktar, vasskokar, hårfønar, strykejern osv.. Blir termosten øydelagt kan apparatet verta overoppheta, dette kan føra til brann. Det er difor svært viktig at støpsel på denne type utstyr, vært trekt ut når apparatet ikkje er i bruk.

Tørketromlar, vaskemaskinar og oppvaskmaskinar
Tørketrommel, vaskemaskin og oppvaskmaskin kan væra anestad for brann. Slå alltid av denne typen maskinar når du forlet bustaden. Det er svært viktig at lofiltera på tørketrommelen ver reinska etter kvar bruk. Tette lofilter kan føra til brann. Denne typen maskinar bør ikkje nyttast når du søv.

Følg bruksanvisning
Eit elektrisk apparat må nyttast som beskrive i bruksrettleiinga. Ved behov for reperasjon av elektriske produkt, bruk bare kvalifisert personell.

Skøyteleidningar og forgreinarar
Skøyteleidningar og forgreinar må bare nyttast til små laster, slik som ladarar, fjernsyn, dekodarar, stereoanlegg osv.. Det er viktig at skøyteleidning blir reingjort. Støv fungerer som isolasjon, dette kan medføra at leidning vert overoppheta.

DSB anbefalar ikkje å nytta skøyeleidningar eller forgreinar som permanent forlengelse av det elektriske anlegget. Få montert opp tilstrekkeleg faste uttak.

Ein tommelfingerregel er at elektrisk utstyr som trekker meir en 1000W ikkje skal tilkoplast via skøyteleidning.