Elektroinstallatørar i Kvinnherad

Skal du utføra arbeid på det elektriske anlegget? Då må du kontakte ein elektroinstallatør.
 Alle som skal driva med nyinstallasjon, utviding og reperasjon av elektriske anlegg, skal vera godkjent og registrert. Det er Direktoratet for Samfunnsikkerhet og Beredskap (DSB) som gjev verksemda naudsynt godkjenning.

DSB har på si nettside ei søkbar oversikt (Elvirksomhetsregisteret) som syner alle godkjente elektroinstallatørar, innafor gitt område.

Link til: DSB Elvirksomhetsregistert

Ved å skrive inn Kvinnherad i rubrikken kommune, vil alle godkjente 'Elvirksomheter' i Kvinnherad kommune verta presentert.