Anleggsbidrag

Rutine for berekning av anleggsbidrag ved Kvinnherad Energi NETT (KE nett)                                  [ Utskrift ]

1.0       Bakgrunn

Utrekning  av anleggsbidrag er basert  på NVE si forskrift FOR 1999-03-11 nr. 302: Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer

(§ 17- 5 Anleggsbidrag). Forskrifta er å finna på Lovdata (www.lovdata.no). Denne forskrifta regulerer og gir føringar for bruk av anleggsbidrag.

 KE nett sin rutine for berekning  av anleggsbidrag gjer greie for vår praksis og er utarbeida for å dokumentera at krava i forskrifta er oppfylt.

 

2.0       Generelt om anleggsbidrag § 17-5

KE nett kan etter §17-5 fastsetta eit anleggsbidrag for å dekka anleggskostnadane ved nye nettilknytningar eller ved forsterkning av nettet til eksisterande kundar.

Ved innkreving av anleggsbidrag skal det nyttast ein praksis som er objektiv og ikkje er diskriminerande.

Anleggsbidraget skal fastsettast uavhengig av kundens forventa energiuttak og kan maksimalt setjast til anleggskostnad for anlegget.

Det skal ikkje krevjast anleggsbidrag for reinvestering i nettet.

Anleggsbidrag skal fakturerast utan Mva.

3.0       Prinsipp for fordeling av anleggsbidrag

 

Uttakskundar

KE nett kan fordele anleggsbidraget mellom kundar som vert tilknytt  nettet på tidspunktet for ferdigstilling  av anlegget og kundar som blir tilknytt nettet på eit seinare tidspunkt, men seinast 10 år etter ferdigstilling  av anlegget. Kundar som koplar seg til same anlegg samstundes eller på forskjellig tidspunkt  innanfor 10 år frå ferdigstilling av anlegget skal presenterast for same anleggsbidrag som dei kundane som fyrst vart tilknytt, dvs det skal ikkje justerast for rentekostnad og prisstigning.

  • Kunden skal betala heile anleggskostnaden på anlegg der kunden er einebrukar.
  • For radielle fellesanlegg skal kunden betala ein forholdsmessig andel av den samla anleggskostnaden.
  • Den enkelte uttakskunden sin andel blir fordelt ut i frå sikringsstørrelse.

 

Produksjonsrelaterte nettanlegg

Produksjonsrelaterte nettanlegg blir definert som kraftledningar og andre nettanlegg der hovudfunksjonen er overføring av kraft frå tilknytt produksjonsanlegg til næraste utvekslingspunkt i nettet.

KE nett er gjennom kontrollforskrifta §17-1 pålagt å ta anleggsbidrag ved investeringar i produksjonsrelaterte nettanlegg.

  • Alle produksjonsrelaterte nettanlegg skal i sin heilhet kostast av produsenten.
  • Dersom det er fleire produsentar blir anleggsbidraget fordelt på dei forskjellige produsentane ut frå installert effekt på kraftverka.
  • Prinsippet med fordeling av anleggsbidrag på fleire produsentar som koplar seg til nettet samstundes eller innanfor 10 års regelen er dei same som for uttakskundar.

 

4.0       Berekning av anleggsbidrag ved KE NETT

Alle nye nettilknytingar og nettforsterkningar basert på auka kapasitet frå eksisterande nettkunde skal kostnadsreknast for å kunna fastsetja størrelsen på anleggsbidraget.  

Døme på nye typar nettanlegg der det skal reknast på er:

  • Tilknyting av fritidshus/hytter.
  • Tilknyting av bustadhus/leiligheter.
  • Tilknyting av naust, garasjer og mindre anlegg.
  • Tilknyting av produksjonsanlegg.
  • Tilknyting av næringsbygg,offentlege bygg.
  • Tilknyting av fiskeanlegg

       Døme på nettforsterkningar der det skal reknast på er:

  • Auka effektbehov hos kunde.
  • Endra spenningsnivå hos kunde.
  • Overgang frå 1 fase til 3 fase.

 

Anleggsbidraget skal reknast ut frå nettselskapet faktiske kostnader for den konkrete tilknytinga eller behov for auka kapasitet. Dette medfører at det endelege anleggsbidraget fyrst kan beregnast etter at tilknytinga er fullført og alle kostnader er kjent.

Ved utrekning av anleggskostnad som inngår i anleggsbidraget skal ein nytta sjølvkostpris.

Anleggskostnaden er nødvendige kostnader ved nytilknyting eller forsterkning. I anleggskostnaden skal det  inngå  prosjekteringskostnader, materialkostnader, montasje, maskinkostnader, transport og utstyr . I tillegg kjem eventuelle eksterne kostnader som entreprenør, erstatning, tinglysing m.m..

Bruk av botnfrådrag

KE nett har eit bunnfrådrag på kr. 10 000,- ved utrekning av anleggsbidrag. Dei resterande kostnadane for tilknyting må dekkast av kunden som anleggsbidrag.

KE nett nyttar bunnfrådrag ved berekning av anleggbidrag for:

  • Alle nye nettkundar
  • Nettforsterkning til eksisterande nettkundar som treng/krev auka nettkapasitet.
  • Nye produsentar (minikraftverk m.m.)

 Botnfrådraget vert utrekna med grunnlag i antal prosjekterte (regulerte) tilknytingspunkt og vert trekt frå den totale anleggskostnaden.

Forsterking av eksisterande nettanlegg

Dersom ny kunde eller auka kapasitetsbehov frå eksisterande nettkundar medfører at eksisterande nettanlegg må forsterkast blir følgjande prinsipp lagt til grunn:

  • KE nett dekker kostnad med reinvestering til opphaveleg dimensjon når teknisk levetid er utgått.
  • Kostnaden med framskunding av reinvestering av eksisterande nettanlegg inngår i grunnlaget for berekning av anleggsbidraget.
  • Teknisk rest levetid på komponenter blir normalt nytta ved fastsetjing av tid for framskundinga.
  • Det nyttast standard kalkulasjonsrente for kraftnett ved utrekninga dvs 4,5%.
  • Det blir gjort ei synfaring for å vurdera tilstanden på nettet.

 Teknisk levetid:

Standard gjennomsnittleg teknisk levetid

  • Høgspentlinjer og kablar  50 år
  • Nettstasjon med brytaranlegg og transformator 40år
  • Lågspent linjeanlegg  og kabelanlegg  50 år

 Utrekning av framskyndingskostnad

KE nett nyttar følgjande formel for berekning av framskyndingskostnad :

 

RI = reinvesteringskostnad

K = kalkulasjonsrente= 4,5%

t  =  restlevetid  på anlegget

 

Eigarskap, drift og vedlikehald:

Alle nettanlegg fram  til grenseskille mellom kunden sin installasjon og KE nett sit nett (tilknytingspunkt) er KE nett sin eigedom sjølv om deler av nettet  heilt eller delvis er finansiert gjennom anleggsbidrag betalt av kunden. KE nett har drifts- og vedlikehaldsansvar for eige straumnett og vil dekka framtidige drifts-, vedlikehalds- og reinvesteringskostnader. 

 

Berekningsmetode for anleggsbidrag ved KE nett:

Det er berre anleggskostnadane for nye tilknytingar eller ved nettforsterkingar som skal takast med i kostnadsgrunnlaget  ved berekning og fastsetjing av anleggsbidrag:

I anleggskostnadane inngår

  • Prosjekteringskostnadar
  • Materialkostnadar
  • Montasjekostnadar (sjølvkost)
  • Maskiner (graving, transport etc)
  • Kostnader ved bruk av entrepenør
  • Erstatning

 Anleggsbidraget bereknast då slik:

 Anleggkostnad ny tilknyting/kapasitetsutviding                                                    = A

*) Framskundingskostnad- rest levetid-reinvestering/flytting av anlegg (FK)       = B

**) Eventuell fordel for andre nettkundar                                                              = C  

Eventuell restverdi materiell                                                                                 = D

Bunnfrådrag                                                                                                         = E

Anleggsbidrag                                                 F  = A + B – C – D – E (kr)

 

*) KE nett dekkjer kostnad med investering til opphaveleg dimensjon når teknisk levetid er gått ut. Kostnader med framskunding av reinvestering av eksisterande nettanlegg inngår i grunnlaget for berekning av anleggsbidraget. Gjenverande teknisk levetid nyttast og blir fastsatt av KE. Standard kalkulasjonsrente for kraftnett nyttast (4,5%).

 

**) I enkelte tilfelle vil investering i felles radielle anlegg ved nye tilknytingar eller nettforsterkingar også koma andre kundar til gode utan at desse kundane har kravd nettforsterking. KE nett dekkjer då forholdsmessig den del av nettforsterkninga som fell på eksisterande nettkundar når denne nettmessig blir vurdert å vera eller kan bli nødvendig for å oppretthalda tilfredstillande overføringskapasitet og leveringskvalitet med normal lastutvikling i området.

 

5.0       Informasjon til kunden om utrekning av anleggsbidrag

  • Kunden skal få nødvendig informasjon og rettleiing om gjeldande regelverk og KE nett sine rutinar ved berekning av anleggsbidrag.
  • KE nett skal alltid på førehand informera kunden skrifteleg om stipulert størrelse på anleggsbidraget og korleis det vert utrekna. jf. Standard brevmal- Berekning anleggsbidrag.
  • Kunden skal bestilla arbeidet skriftleg .
  • Informasjon om beregningsgrunnlaget skal vera spesifisert på ein slik måte at kunden i samråd med sakkyndig kan ta stilling til rimeligheten i kostnadsoverslaget. Informasjonen bør innehalda ei oppstilling av anleggskostnadane fordelt på arbeidskostnader og materialkostnader spesifisert på lavspent/ høgspent og nettstasjon. Utrekninga av bunnfrådraget skal også framgå av oppstillinga.

 

6.0       Betalingsvilkår

Generelt skal anleggsbidraget normalt væra innbetalt når anlegget er montert og klart for å setjast i drift.

  • Anleggsbidrag under kr 30.000,- blir som hovudregel fakturert 1 gang. Andre betalingsterminar kan avtalast.
  • Anleggsbidrag over kr 30.000,- blir som hovudregel fakturert med akontobeløp ihht medgåtte kostnader.
  • For større anlegg kan det bli krevd inn forskotsbetaling ved bestilling av utstyr/tjenester.

 

Dimmelsvik 30.09.2014           

Kjell Enes
Teknisk Leiar

 

Dokument nr.: 11317