Snart får du automatisk straummålar

Vi har gleda av å informere om at vi innan februar 2018 kjem for å oppgradera straummålaren din.

Ved behov for endring av avtale skal ein ringa 534 82 860

Ved behov for endring av avtale skal ein ringa 534 82 860

Moderne infrastruktur

Styresmaktene har bestemt at alle nettkundar i Noreg skal få nye automatiske straummålarar innan 1. januar 2019. Oppgraderinga er inkludert i nettleiga, så du får ingen faktura knytt til målarbytet. Alt du treng å gjere, er å vere tilstades når montøren kjem.

DEN NYE MÅLAREN GIR DEG EI REKKJE FORDELAR

Du slepp å lese av straumen

Målaren les av straumforbruket kvar time, og sender informasjonen til oss. På den måten får du ei betre oversikt over straumforbruket ditt og ein meir presis faktura.

Målaren varslar straumbrot

Den nye målaren gjer det mogleg for nettselskapet å oppdage og lokalisere straumbrot slik at du kan få tilbake straumen raskare.

Tilrettelagt for framtidige løysingar

Målaren kan koplast opp mot nye typar energistyringssystem som mellom anna kan styre varmtvasstank og regulere varme. Det er opp til deg å velje leverandør av slikt tilleggsutstyr.

Vi håpar du får stor nytte av den nye automatiske straummålaren. Les meir på
http://ams.nett.kvinnherad-energi.no

For information in English: http://ams.nett.kvinnherad-energi.no/english or call customer service at phone 53 47 56 00.