Lågare nettleiga frå 1 juni

Kvinnherad Energi justerar ned nettleiga med 2,5 øre/kWh gjeldande frå 01. juni. For hushald og fritidshus betyr dette at nettleiga er justert med hele 5,5 øre/kWh sidan 2016. Førre justering vart gjort 1 januar 2017 med ein nedgang på 3 øre/kWh. Med den siste justeringa ligg no prisane for hushalds-/hyttekundar under snittet for nettleiga i Hordaland. Gjeldande prisar finn du her

Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane med ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.