Nyhendeoppdatering mai

Nettleigeprisane vert satt ned

FB-vennestraum-1.png

Det skuldast det auka forbruket gjennom den kalde vinteren i år,  straumforbruket var frå januar til mars  12 % høgare enn tilsvarande periode i  2017.  Reduksjon av nettleigeprisane  for hushald, fritidshus og liten næring er 3,6% gjeldande frå 1. juni, dette utgjer ein reduksjon på 1,5 øre/kWh som tilsvarar kr 380 for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh. Med denne endringa har nettleigeprisane blitt redusert med 9,6% frå 1. januar 2017 som tilsvarer kr 1070 for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh.

Med den siste justeringa ligg no prisane for hushalds-/hyttekundar godt under snittet for nettleiga i Hordaland.

Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane ved ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.

Har du oppdatert personalia med rett informasjon?

Som din nettleverandør er vi avhengig av dialog med deg som kunde frå tid til annan.
Vi sender ut viktig informasjon om vedlikehald av straumnett, endringar i vilkår og nyhender.

Vi håpar at du har tid til oppdatering av relevant informasjon som mobilnummer, e-postadresse, adresse, og liknande.

For å oppdatere dette kan du logge deg inn på vår kundesider (klikk her). Opplysningar om kundenummer og pin finnast på fakturaen eller kontakt vår kundeservice.

Personvern

Kvinnherad Energi AS  fokuserar på å ivareta og beskytta våre kundars personvern. Vi behandlar personopplysningar i samsvar med den til ein kvar tid gjeldande lovgivning, herunder i samsvar med personopplysningsloven og personopplysningsforskriften. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knyttast til deg som kunde. (For vår fullstendige personvernerklæring klikk her)