Nyhendebrev mai

DET KAN LØNNE SEG Å LESA AV STRAUMMÅLAREN 

Ved avlesninga 1 juni og 1 juli vil vi trekkja ut 10 flaxlodd kvar månad blant dei kundane som leverar avlesning.

Nettleigeprisane justerast ned

Kvinnherad Energi justerar ned nettleiga med 2,5 øre/kWh gjeldande frå 01. juni. For hushald og fritidshus betyr dette at nettleiga er justert med hele 5,5 øre/kWh sidan 2016. Førre justering vart gjort 1 januar 2017 med ein nedgang på 3 øre/kWh. Med den siste justeringa ligg no prisane for hushalds-/hyttekundar under snittet for nettleiga i Hordaland. Gjeldande prisar finn du her

Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane ved ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.

Ny straummålar i 2017

Etter planen vil ein starte opp arbeidet med å skifte ut alle straummålere i september 2017, arbeidet skal vera ferdig ila. vinteren 2018. Den nye vil vera ein automatisk straummålar, og er ein digital målar som registrerer og sender straumforbruket ditt til nettselskapet automatisk, slik at du slepp å lese av målaren sjølv. Les gjerne meir her.

Husnesdagane 2 og 3 juni

Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband vil verta å treffa på stand ved Husnes Storsenter 2 og 3 juni. Her vil Kvinnherad Energi ha særleg fokus på dei nye straummålarane, men alle spørsmål er like velkomne.