Nyhendebrev frå Kvinnherad Energi

Nye nettleigeprisar for 2017

Frå 1. januar 2017 har vi justert nettleigeprisane, når det gjeld forbruksleddet . For hushald har vi redusert prisen med 3 øre/kWh. Forbruksavgifta aukar til 16,32 øre/kWh frå 1. januar. Sjå gjeldande prisar her
Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane ved ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.


Ny straummålar i 2017

Etter planen vil ein starte opp arbeidet med å skifte ut alle straummålere i august 2017, arbeidet skal vera ferdig ila. desember 2017. Den nye vil vera ein automatisk straummålar, og er ein digital målar som registrerer og sender straumforbruket ditt til nettselskapet automatisk, slik at du slepp å lese av målaren sjølv. Les gjerne meir her.


Kundekalendar utgår

Kvinnherad Energi har i ei årrekke sendt ut kundekalendar til våre kundar. Denne vil no ikkje bli sendt ut lenger, grunna at vi kjem til å skifta ut alle straummålare i løpet av 2017, noko som medførar at du som kunde vil sleppe å lesa av straummålaren.