Nettleigeprisane uendra frå 1.januar 2016

Linjebygging Omvikedalen 26032013.jpg

Frå 1. januar 2016 er det inga endring i nettleigetariffane, når det gjeld fastbeløp eller forbruksledd. Forbruksavgifta aukar til 16,0 øre/kWh frå 1. januar. Sjå gjeldande prisar her

For andre beløp (utan mva) er det gjort ein auke, til- og fråkopling byggjestraumkr 2.500,- , til- og fråkopling av anlegg kr 2.000,- , utkalling av montørvakt etter ord. arbeidstid kr 2.000,-, og ved opning av stengde anlegg etter ord. arbeidstid kr. 2.000,-. Purregebyret aukar til kr 67,-.

Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane ved ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.