Nedgang nettleigeprisar frå 1 januar

Det er ein glede for Kvinnherad Energi å meddele kundane våre ved inngangen til jubileumsåret 2019, Kvinnherad Energi fyllar 100 år i 2019, at frå 1 januar 2019 vil nettleiga gå ned 2,9 øre/kWh for Kvinnherad Energi sine kundar. Nedgangen skuldast at god drift og at forbruksavgifta blir for første gang satt ned. Kvinnherad Energi klarar til tross for store investeringar, i bla. nye straummålare (AMS), dei siste åra å halde nettleigeprisane på lågare nivå enn i 2018.

Med endringa har nettleigeprisane blitt redusert med 13,8 % frå 1. januar 2016  som tilsvarer kr 1920 for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh.

Om ein ser på dei kommande åra så vil utviklinga på nettleigeprisane vera positiv for kundane våre, dette skuldast ei forventa forbruksauke på omtrent 17% fram til 2021. Den forventa forbruksauken kjem grunna elektrifisering av ferjer og store investeringar som blir gjort i sjømatnæringa i Kvinnherad, slike store forbruksauker kjem våre nettkundar til gode då Kvinnherad Energi får eit betydeleg større forbruksgrunnlag å fordela investeringar og kostnadar på.

Fullstendig oversikt her Nettleigeprisar gjeldande frå 1. januar