Ledig stilling - TILSYNSINGENIØR - DLE ANSVARLEG

Kvinnherad Energi AS har ledig stilling som tilsynsingeniør – DLE Ansvarleg frå 01.09.2018 eller etter avtale. Stillinga er fagleg og administrativt underlagt nettsjef.

Arbeidsoppgåver

  • DLE Ansvarleg står fagleg ansvarleg for all utførande tilsynsverksemd utført av DLE Kvinnherad Energi AS.
  • Tilsynsingeniøren skal utføra arbeid som bestemt i El-tilsynslova og Forskrifter om det lokale elektrisitetstilsyn (FDLE), her under:
    • Utarbeide planar og rapportar iht. årleg instruks frå DSB
    • Tilsyn med bustadar, hytter og næringsbygg
    • Verksemdskontroll – Internkontroll (HMS)
    • Risikovurdering av tilsynsobjekt
    • Tilsyn med elektroinstallatørar
    • Informasjonsarbeid mot skular og institusjonar
    • Førebyggande el-sikkerhetsarbeid
    • Bistå Politi i brann og ulukkeetterforskning

 Stillinga kan og verta tillagt andre oppgåver.

 Utdanning:

  • Eksamen frå ingeniørhøgskule eller to årig fagskule, elektroteknisk linje for elkraft/sterkstraum eller tilsvarande skule.
  • Fagbrev som elektromontør Gr. L eller tilsvarande.

  

Vi ynskjer

  • Ryddig, systematisk og kan jobba sjølvstendig.
  • Utadvent, tillitsskapande og serviceinnstilt med evne til å byggja gode relasjonar.
  • Gode IKT kunnskapar.
  • Gode evner til å uttrykka seg skriftleg og munnleg på norsk (nynorsk og bokmål).
  • Autorisasjon som EKOM installatør
  • Ynskjer at kandidat har avlagt installatørprøve, eller er være villig til å ta denne.

Krav

  • Være villig til å avlegge eigen prøve for DLE ansvarleg om dette blir kravd.
  • Det er eit krav at søkjar har førarkort kl. B. 

Praksis

  • Viser til "Forskrift om elektroforetak og kvalifikasjonskrav for arbeid knyttet til elektriske anlegg og elektriske utstyr" (FEK 2013)
  • Inneha minst tre års relevant praksis frå bygging og vedlikehald av elektriske anlegg etter endt utdanning, jfr. FEK 2013 § 9.

Vi tilbyr

  • Opplæring i ein spennande bransje
  • Gode og utviklande arbeidstilhøve i godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale og kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Søknad med CV sendes

Kvinnherad Energi AS, Vikjo 7, 5464 Dimmelsvik eller på e-post til kjell@kvinnherad-energi.no  

 Søknadsfrist: 20.06.2018

 Spørsmål angåande stillinga kan rettast til nettsjef Kjell Enes 53 47 56 25 / 400 19 348