Kva er AMS?

Kva er ein automatisk straummåler?       

Ein automatisk straummålar er en digital målar som registrerer og sender straumforbruket ditt til nettselskapet automatisk, slik at du slepp å lese av målaren sjølv. Det er ein boks som erstattar straummålaren du har i dag.

Kva kan ein automatisk straummåler gjera?

Målaren registrerer straumforbruket ditt kvar time og sender informasjonen til nettselskapet. Det gir ein tryggleik for at straumforbruket ditt blir rett målt. Den nye målaren gjer det også mogeleg å lokalisere straumbrot hos deg slik at vi får retta feilen raskare. I tillegg blir det lettare å følgje med på straumforbruket, slik at det vert enklare å spare straum. Dersom du ynskjer kan målaren koplas opp mot energistyringssystem, som til dømes regulerer varme og styrer varmtvassbehaldar. Du bestemmer sjølv om du ynskjer å ta i bruk energistyring og kan fritt velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr. 

Kven får ny automatisk straummålar?

Alle nettkundar, private hushaldningar, fritidshus/hytter, burettslag, bedriftskundar og offentlige institusjonar i Noreg får nye automatisk straummålar innan 1. januar 2019.

Kvifor får eg ny straummålar?

Straumnettet i Noreg skal moderniserast, og nye automatiske straummålarar er eit viktig element i utviklinga av infrastrukturen. Med automatiske straummålarar får Noreg et sikrare og meir fleksibelt straumnett, og behovet for framtidige utbyggingar av nettet reduserast.

Kven har bestemt at nettkundane skal få nye automatiske straummålarar?

Det er myndigheitene som har bestemt at alle straummålarane skal byttas ut med nye automatiske straummålarar. Dette er den største moderniseringa av straumnettet i Norge på over 100 år.

Når kan eg få ny automatisk straummålar?

Du får ny straummålar innan 1. januar 2019. Vi startar installasjon av de første straummålarane hausten 2016. Detaljert oversikt for dei ulike montasjeområda vil føreliggja på eit seinare tidspunkt. Du får informasjon i god tid før vi kjem og bytter målaren din.

Kva må eg gjera for å få ny straummålar?

Du får informasjon frå nettselskapet ditt i god tid før din målar skal bytast. Det einaste du må gjera er å væra heima når montøren kjem for å installera den nye målaren.

Må eg byta målar?

Myndigheitene har bestemt at alle nettkundar skal få nye automatiske straummålarar. Dette har fleire fordelar for deg som kunde.

Kva er fordelene med ein automatisk straummålar?

  • Det er enklare for deg, du slepp å lesa av straumen og får betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket ditt

  • Det er tryggare for deg, nettselskapet får betre informasjon ved straumbrot og kan retta feil raskare

  • Målaren registrerer kontinuerlig straumforbruket ditt og kan om ynskeleg koplast opp mot energistyringssystem. Du står fritt til å velja leverandør av denne typen tilleggsutstyr.

Er det plass til den nye målaren i sikringsskapet mitt?

Dei fleste vil ha plass til den nye målaren i sikringsskapet. Ved plassmangel vil montøren finne ein alternativ løysing. Det vil ikkje koste deg noko ekstra.

Må eg betala for den nye målaren og for installasjon av denne?

Du får ingen faktura knytt til installasjon av den nye automatiske straummålaren. Denne oppgraderinga er ein del av det du betaler for gjennom nettleiga, på same måte som anna utbygging og vedlikehald av straumnettet.

Er det fare for at uvedkommande får tilgang til målerverdiane frå dei automatiske straummålarane?

Faren for at uvedkommande «hacker» seg inn på systemet ved automatisk målaravlesing er ikkje større enn risikoen for at nokon tar seg ulovlig inn i nettbanken din. Saman med myndigheitene skal vi sørgja for å sikra utstyret best mogeleg mot «cyberangrep» og misbruk av personvernet. Her vil Datatilsynets råd ha stor betyding. Vi følgjer utviklinga nøye og vil sørgje for at datatryggleiken er best mogeleg ivaretatt i det nye systemet.

Eg er redd for stråling, medfører den nye automatiske straummålaren strålefare?

Den automatiske straummålaren med tilhøyrande kommunikasjonsutstyr ligg langt innanfor fastsette grenseverdiar for stråling og tilfredsstiller alle offentlege krav. Du finn informasjon om strålefare på nettsidene til Statens strålevern

Eg er el-sensitiv. Må eg bytte målar?

El-sensitive som har legeerklæring får behalda den gamle målaren sin og treng ikkje å byta til automatisk straummålar. Du kan sende skriftleg søknad om fritak til nettselskapet ditt. Alle søknader blir behandla individuelt. Husk å legge ved legeerklæring.

Eg har allereie ein automatisk straummålar, må eg bytte målar?

Et fåtal av kundane våre har automatiske straummålarar. Dei nye målarane har ein meir avansert teknologi og vil erstatta eldre målarar. Det vil sei at alle får nye målar.

Korleis vil Dykk overføra målardata?

Det er ein radiosendar i målaren som på angitt tidspunkt sender verdiar til mottakarar hjå nettselskapa. De fleste målarane vil senda på radiofrekvensar som er avsett til dette føremålet.  I nokon områder vil vi nytta mobildatanettet.

Kven skal montera de nye målarane?

Nettselskapet leiger inn personell som skal montera dei fleste målarane. I ditt nettområde er det OneCo Technologies som skal utføra jobben. Montøren skal vise legitimasjon. Du vil mota informasjon om montasjetidspunkt i god tid før målarbytte. Dersom tidspunktet ikkje høver er det mogeleg å endre avtale.

 Kva betyr AMS?

Dei nye straummålarane vert av og til kalla AMS. AMS er ei korting for "Avanserte Måle- og Styringssystemer". I vår kundekommunikasjon nyttar vi utrykket automatiske straummålarar.

Kva må eg som kunde bidra med for at Dykk skal få kontakt med meg?

For at vi skal kunne nå deg med viktig informasjon, og kunne avtale tidspunkt for bytte av straummålar hos deg, er det svært viktig at vi har korrekt telefonnummer, mobilnummer og e-post.

Gå inn på Din kundekonto for å kontrollere og oppdatere dette.

Eg har gamle skrusikringar, må eg bytta til automatsikringar for å få automatisk straummålar eller byter nettselskapet til automatsikringar i samband med målarbyte?

Nettselskapet byter bare straummålaren. Sikringstype (automatsikring eller skrusikring) har ingen betyding for målarbyte.

Sikringane er ein del av det interne elektriske anlegget i bustaden og kundens eigedom. Dersom kunden ynskjer å byte til automatsikringar må han/ho kontakta elektrikar og sjølv koste byte til automatsikringar, men det er som sagt ikkje naudsynt å byte sikringar for å få automatisk straummålar.

 

Fakta om montasjeleverandør

OneCo Technologies (OneCo) er eit industrikonsern som tilbyr produkt og tenester der kjerneverksemda er elektro og automasjon. Selskapet er ein av Norges største montasjeleverandørar på utrulling av straummålarar.