Nettleigeprisane vert oppjustert
Det vert gjennomførd endringar i nettleigeprisar per 1. januar 2018. Justeringa fører til ei endring for hushald/fritidshus/næring med ein auke på 0,5 øre/kWh i energileddet og auke på kr 16,50 per månad i grunnprisen.
I løpet av 2017 satte Kvinnherad Energi ned nettleigeprisane 1.januar, 1.juni og 1.oktober. Frå 1.januar 2018 har ein for hushald 3,2% lågare nettleigeprisar enn i januar 2017! Fullstendig oversikt over nettleigeprisane finn du her
Med den siste justeringa ligg no prisane for hushalds-/hyttekundar godt under snittet for nettleiga i Hordaland.
Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane ved ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.
Ny straummålar
OneCo (valt montasjeleverandør) er godt igang med å skifta ut alle straummålere, sidan 28. august har vi no fått skifta ut 6000 av 7100 målara. Arbeidet skal vera ferdig i løpet av vinteren 2018. Den nye er ein digital målar som registrerer og sender straumforbruket ditt til oss automatisk, slik at du slepp å lese av målaren sjølv. Vi takkar alle våre kundar som har hatt besøk og fulgt opp avtalen som er gjort for utskiftning. Ynskjer du å lesa brukarmanualen for den nye målaren, så finn du den her
Julehelsing

Vi støttar Kreftforeningens arbeid, og årets julegåve går til å støtta det viktige arbeidet med kampen mot kreften.
Med ønske om ein strålande førjulstid og ei god jul!
Med helsing
frå alle oss i Kvinnherad Energi