Informasjon om nye straummålarar – AMS Målar

AMS måler - Datatryggleik – Straumforbruk – Stråling

Media har i den seinare tid fokusert mykje på datatryggleik i samband med montasje av nye automatiske straummålarar. Det har også vert oppe nokre saker om auka straumforbruk etter at ny målar er installert og utfordringar rundt stråling frå AMS målaren.

AMS målar levert av Kaifa

AMS målar levert av Kaifa

Observerer også at det på lokale sosiale mediar, vert diskutert problemstillingar rundt desse emna.

Datatryggleik

Data som nettselskapet hentar frå straummålaren (AMS målar) skal vera sikker og kryptert. Kraftselskapet er underlagt same strenge reglar som bankane med omsyn til datatryggleik.

All informasjon sendes via unike krypterings nøklar, på lik linje med det bankane nyttar i sine system. Ingen utanforståande har tilgang til registrerte data, med mindre kunden sjølv gjev fullmakt til det.

Ekstra utgang på målar

Den nye AMS målaren er utrusta med ein eigen kommunikasjonsutgang som kan nyttast til 3 parts utstyr og tenester. Det er særskilt denne kommunikasjons- utgangen Datatilsynet rettar eit kritisk blikk på.

For AMS målarane Kvinnherad Energi skal montera, vil denne kommunikasjonsutgangen ikkje væra aktivert ved montasje av AMS målaren.

For at denne kommunikasjonsutgangen skal aktiverast, må kunden sjølv kontakte nettselskapet for opning av denne porten.

Det er per i dag få tilbydarar som har utvikla utstyr som kan nyttast til dette, men det er forventa auka utvikling av ulike tenester og utstyr som kan tilkoplast. Kvinnherad Energi vil ikkje drive med utvikling og sal av denne type utstyr/tenester. 

Kan nettselskapet sjå kva kunden brukar straumen til?

Nettselskapet er pålagt å innhente straumforbruket kvar time. Det vil sei at nettselskapet vil ha oversikt forbruk av straum time for time. Timesverdiane vert samla inn i løpet av natta påfølgjande døgn.

Eit døme kan væra at kunde kjem heim etter jobb, set El-bilen på lading, lagar middag, tar ein dusj. Nettselskapet vil då sjå at straumforbruket aukar i dette tidsrommet, men vil ikkje ha mogelegheit til å henta ut informasjon om kva elektrisk utstyr som er brukt.

Betre oversikt i nettet

Nettselskapet vil med innhenta data frå alle kundar knytt til sama transformator, få betre oversikt av straumforbruket i nettet og vil kunna planleggja og gjera tiltak med forsterkningar, der dette er naudsynt. Dette vil på sikt gje meir stabil forsyning og lågare driftskostnader for nettselskapet.

Auka forbruk – Feil med AMS måler?

I dei områda det har vert skifta til nye AMS målarar, har det i nokre tilfelle vert registrert auka forbruk. Er det då feil med dei nye målarane?

Justervesenet

Alle nye AMS målarar er godkjent av justervesenet før dei slepp ut på marknaden. Justervesenet fører både tilsyn med nye målartypar og gjennomfører eigne testar.

Straummålarar med dreieskive

Mekaniske straummålarar med dreieskive var vanleg å nytte som straummålar fram til rundt år 2000. Mekaniske målarar blir slitt og vil gå saktare med åra. Erfaring syner at mekaniske målarar i snitt går 1% saktare per 16 år driftstid. Dette kan i nokre tilfelle gje litt auka forbruk med installasjon av ny AMS målar.

Stipulert straumforbruk

Det er mange som ikkje les av straummålaren kvar månad, då vert forbruket stipulert av nettselskapet. Dersom straummålaren ikkje vert avlest på eit år eller lengre, vil i mange tilfelle det stipulerte forbruket ikkje samsvara med reelt forbruk.

For å unngå at det vert store overraskingar i samband med installasjon av ny AMS målar, oppmodar vi alle til å lese av sin straummålar og sende dette inn til nettselskapet.

Avrekning

Alle investeringar som blir gjort i nettet blir over tid tatt innover nettleiga. All avrekning av nettleigeprisar blir som før, kunden betalar for månadsforbruk etter månadspris, kunden blir ikkje avrekna etter timeprisar.

AMS målar og stråling

Statens strålevern har vurdert AMS målarane i høve til stråling. Konklusjonen er at strålinga frå AMS målarane er kortvarig og svak – og ikkje helsefarleg.

Data frå straummålarane blir sendt over mobilnettet GSM 900MHz eller radio 870-875MHz. Eksponeringa frå desse er svak – vanlegvis tusendelar av grenseverdiane.

Straummålaren er svært sjeldan plassert i opphaldsrom og sender som hovudregel frå seg data ein gang i døgnet. Det kan samanliknast med å senda ein tekstmelding. Berekningar syner at ein vanleg mobiltelefon, haldt opptil øyra, strålar 50 000 gangar sterkare enn den nye AMS straummålaren. Ein berbar PC og nettbrett strålar om lag 180 gangar meir, en det AMS målaren vil gjera.

El-overfølsame

Søknad om fritak el-overfølsame må sendast til oss med ei er klæring frå lege, og har ein andre grunnar for å ikkje få installert målar kan ein senda ein henvending til post@nett.kvinnherad-energi.no