Nyhendebrev desember

Nettleigeprisane vert oppjustert

Det vert gjennomførd endringar i nettleigeprisar per 1. januar 2018.  Justeringa fører til ei endring for hushald/fritidshus/næring med ein auke på 0,5 øre/kWh i energileddet og auke på kr 16,50 per månad i grunnprisen.

I løpet av 2017 satte Kvinnherad Energi ned nettleigeprisane 1.januar, 1.juni og 1.oktober. Frå 1.januar 2018 har ein for hushald 3,2% lågare nettleigeprisar enn i januar 2017! Fullstendig oversikt over nettleigeprisane finn du her

Med den siste justeringa ligg no prisane for hushalds-/hyttekundar godt under snittet for nettleiga i Hordaland.

Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane ved ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.

Ny straummålar

OneCo (valt montasjeleverandør) er godt igang med å skifta ut alle straummålere, sidan 28. august har vi no fått skifta ut 6000 av 7100 målara. Arbeidet skal vera ferdig i løpet av vinteren 2018. Den nye er ein digital målar som registrerer og sender straumforbruket ditt til oss automatisk, slik at du slepp å lese av målaren sjølv.  Vi takkar alle våre kundar som har hatt besøk og fulgt opp avtalen som er gjort for utskiftning. Ynskjer du å lesa brukarmanualen for den nye målaren, så finn du den her

 

Julehelsing

KREF003-Julestjerne-750x750_V1 kreftforeningen.jpg

Vi støttar Kreftforeningens arbeid, og årets julegåve går til å støtta det viktige arbeidet med kampen mot kreften.

Med ønske om ein strålande førjulstid og ei god jul!

 

Med helsing

frå alle oss i Kvinnherad Energi

Nettleigeprisar frå 1 januar

DSC_4300.JPG

Det vert gjennomførd endringar i nettleigeprisar per 1. januar 2018.  Justeringa fører til ei endring for hushald/fritidshus/næring med ein auke på 0,5 øre/kWh i energileddet og auke på kr 16,50 per månad i grunnprisen.

I løpet av 2017 satte Kvinnherad Energi ned nettleigeprisane 1 januar, 1 juni og 1 oktober. Frå 1 januar 2018 har ein for hushald 3,2% lågare nettleigeprisar enn i januar 2017! Fullstendig oversikt over nettleigeprisane finn du her

Ekstremver "Aina" over

Alle våre kundar som opplevde straumutfall fekk straumen igjen ca kl 12.

Ekstremværet "Aina" anses nå som over. Vinden er nå nordvest liten og periodevis full storm 25 m/s. Vinden minker natt til lørdag, fra lørdag morgen ventes nordvest sterk kuling 20 m/s.

Et stormsenter ligger i havet like vest for Trøndelag. Lavtrykkssenteret beveger seg sakte, og det ventes fortsatt kraftig vind på Vestlandet sør for Stad. Vinden er likevel ikke ventet å nå opp i ekstremværkriteriet, og varselet erstattes nå av obs-varsel.

Reduksjon nettleigeprisar frå 1. oktober

Vi gjer ei reduksjon av nettleigeprisanemed verknad frå 1. oktober. Dette blir den tredje reduksjonen i år. Endringa vi gjer no skuldast den kjølige sommaren som har gjort at vi har ftt  auka forbruk i forhold til budsjettert forbruk. Dette kjem no hushaldskundane våre til gode, med ein reduksjon 0,9 øre/kWh, i høve til 2016 har vi redusert nettleigeprisen med 7,3 øre/kWh for hushald. For større næringskundar blir reduksjonen per 01. oktober på 2,3 øre/kWh.

For oversikt over nettleigeprisane klikk her

Brukar du ladestasjonen for elbil på Husnes eller Rosendal?

Frå opninga av Husnes ladestasjon- oktober 2016

Frå opninga av Husnes ladestasjon- oktober 2016


Grønn Kontakt driftar desse stasjonane for Kvinnherad Energi, og det er varsla endringar i fakturavilkår hos Grønn Kontakt.
Fra 1. oktober 2017 vil våre kunder som er mottakere av
faktura på epost, efaktura og avtalegiro få fakturagebyr på kr 15,-.

For å unngå fakturagebyr kan du enkelt legge inn ditt betalingskort på Min Side på www.gronnkontakt.no
Du vil da få tilsendt faktura på e-post, men denne trekkes automatisk fra ditt betalingskort.

Prisendring for flexilading (AC-lading)

Fra 1. oktober endrer vi prisen for Flexilading til
kr. 0,75 per kW påbegynte kvarter, før rabatt.

Prisen for Hurtiglading forblir den samme:
kr 2,50 per påbegynte minutt, før rabatt.

Informasjon om nye straummålarar – AMS Målar

AMS måler - Datatryggleik – Straumforbruk – Stråling

Media har i den seinare tid fokusert mykje på datatryggleik i samband med montasje av nye automatiske straummålarar. Det har også vert oppe nokre saker om auka straumforbruk etter at ny målar er installert og utfordringar rundt stråling frå AMS målaren.

AMS målar levert av Kaifa

AMS målar levert av Kaifa

Observerer også at det på lokale sosiale mediar, vert diskutert problemstillingar rundt desse emna.

Datatryggleik

Data som nettselskapet hentar frå straummålaren (AMS målar) skal vera sikker og kryptert. Kraftselskapet er underlagt same strenge reglar som bankane med omsyn til datatryggleik.

All informasjon sendes via unike krypterings nøklar, på lik linje med det bankane nyttar i sine system. Ingen utanforståande har tilgang til registrerte data, med mindre kunden sjølv gjev fullmakt til det.

Ekstra utgang på målar

Den nye AMS målaren er utrusta med ein eigen kommunikasjonsutgang som kan nyttast til 3 parts utstyr og tenester. Det er særskilt denne kommunikasjons- utgangen Datatilsynet rettar eit kritisk blikk på.

For AMS målarane Kvinnherad Energi skal montera, vil denne kommunikasjonsutgangen ikkje væra aktivert ved montasje av AMS målaren.

For at denne kommunikasjonsutgangen skal aktiverast, må kunden sjølv kontakte nettselskapet for opning av denne porten.

Det er per i dag få tilbydarar som har utvikla utstyr som kan nyttast til dette, men det er forventa auka utvikling av ulike tenester og utstyr som kan tilkoplast. Kvinnherad Energi vil ikkje drive med utvikling og sal av denne type utstyr/tenester. 

Kan nettselskapet sjå kva kunden brukar straumen til?

Nettselskapet er pålagt å innhente straumforbruket kvar time. Det vil sei at nettselskapet vil ha oversikt forbruk av straum time for time. Timesverdiane vert samla inn i løpet av natta påfølgjande døgn.

Eit døme kan væra at kunde kjem heim etter jobb, set El-bilen på lading, lagar middag, tar ein dusj. Nettselskapet vil då sjå at straumforbruket aukar i dette tidsrommet, men vil ikkje ha mogelegheit til å henta ut informasjon om kva elektrisk utstyr som er brukt.

Betre oversikt i nettet

Nettselskapet vil med innhenta data frå alle kundar knytt til sama transformator, få betre oversikt av straumforbruket i nettet og vil kunna planleggja og gjera tiltak med forsterkningar, der dette er naudsynt. Dette vil på sikt gje meir stabil forsyning og lågare driftskostnader for nettselskapet.

Auka forbruk – Feil med AMS måler?

I dei områda det har vert skifta til nye AMS målarar, har det i nokre tilfelle vert registrert auka forbruk. Er det då feil med dei nye målarane?

Justervesenet

Alle nye AMS målarar er godkjent av justervesenet før dei slepp ut på marknaden. Justervesenet fører både tilsyn med nye målartypar og gjennomfører eigne testar.

Straummålarar med dreieskive

Mekaniske straummålarar med dreieskive var vanleg å nytte som straummålar fram til rundt år 2000. Mekaniske målarar blir slitt og vil gå saktare med åra. Erfaring syner at mekaniske målarar i snitt går 1% saktare per 16 år driftstid. Dette kan i nokre tilfelle gje litt auka forbruk med installasjon av ny AMS målar.

Stipulert straumforbruk

Det er mange som ikkje les av straummålaren kvar månad, då vert forbruket stipulert av nettselskapet. Dersom straummålaren ikkje vert avlest på eit år eller lengre, vil i mange tilfelle det stipulerte forbruket ikkje samsvara med reelt forbruk.

For å unngå at det vert store overraskingar i samband med installasjon av ny AMS målar, oppmodar vi alle til å lese av sin straummålar og sende dette inn til nettselskapet.

Avrekning

Alle investeringar som blir gjort i nettet blir over tid tatt innover nettleiga. All avrekning av nettleigeprisar blir som før, kunden betalar for månadsforbruk etter månadspris, kunden blir ikkje avrekna etter timeprisar.

AMS målar og stråling

Statens strålevern har vurdert AMS målarane i høve til stråling. Konklusjonen er at strålinga frå AMS målarane er kortvarig og svak – og ikkje helsefarleg.

Data frå straummålarane blir sendt over mobilnettet GSM 900MHz eller radio 870-875MHz. Eksponeringa frå desse er svak – vanlegvis tusendelar av grenseverdiane.

Straummålaren er svært sjeldan plassert i opphaldsrom og sender som hovudregel frå seg data ein gang i døgnet. Det kan samanliknast med å senda ein tekstmelding. Berekningar syner at ein vanleg mobiltelefon, haldt opptil øyra, strålar 50 000 gangar sterkare enn den nye AMS straummålaren. Ein berbar PC og nettbrett strålar om lag 180 gangar meir, en det AMS målaren vil gjera.

El-overfølsame

Søknad om fritak el-overfølsame må sendast til oss med ei er klæring frå lege, og har ein andre grunnar for å ikkje få installert målar kan ein senda ein henvending til post@nett.kvinnherad-energi.no

Snart får du automatisk straummålar

Vi har gleda av å informere om at vi innan februar 2018 kjem for å oppgradera straummålaren din.

Ved behov for endring av avtale skal ein ringa 534 82 860

Ved behov for endring av avtale skal ein ringa 534 82 860

Moderne infrastruktur

Styresmaktene har bestemt at alle nettkundar i Noreg skal få nye automatiske straummålarar innan 1. januar 2019. Oppgraderinga er inkludert i nettleiga, så du får ingen faktura knytt til målarbytet. Alt du treng å gjere, er å vere tilstades når montøren kjem.

DEN NYE MÅLAREN GIR DEG EI REKKJE FORDELAR

Du slepp å lese av straumen

Målaren les av straumforbruket kvar time, og sender informasjonen til oss. På den måten får du ei betre oversikt over straumforbruket ditt og ein meir presis faktura.

Målaren varslar straumbrot

Den nye målaren gjer det mogleg for nettselskapet å oppdage og lokalisere straumbrot slik at du kan få tilbake straumen raskare.

Tilrettelagt for framtidige løysingar

Målaren kan koplast opp mot nye typar energistyringssystem som mellom anna kan styre varmtvasstank og regulere varme. Det er opp til deg å velje leverandør av slikt tilleggsutstyr.

Vi håpar du får stor nytte av den nye automatiske straummålaren. Les meir på
http://ams.nett.kvinnherad-energi.no

For information in English: http://ams.nett.kvinnherad-energi.no/english or call customer service at phone 53 47 56 00.

Strand Ulv hallen fekk mest

Kvinnherad Energi har tildelt kultur- og idrettstilskot for 2017. I år var det mange gode søknadar frå mange av bygdene i Kvinnherad. Søknadsmassen visar at det er stor aktivitet i idrett- og kulturlivet i området. I år var det Strand-Ulv Hallen som fekk det høgaste tilskotet på kr 50.000,-, dei har planar om å få bygd ein sandvolleyball hall på Hatlestrand.

Her er tildelingslista:

 

Nyhendebrev mai

DET KAN LØNNE SEG Å LESA AV STRAUMMÅLAREN 

Ved avlesninga 1 juni og 1 juli vil vi trekkja ut 10 flaxlodd kvar månad blant dei kundane som leverar avlesning.

Nettleigeprisane justerast ned

Kvinnherad Energi justerar ned nettleiga med 2,5 øre/kWh gjeldande frå 01. juni. For hushald og fritidshus betyr dette at nettleiga er justert med hele 5,5 øre/kWh sidan 2016. Førre justering vart gjort 1 januar 2017 med ein nedgang på 3 øre/kWh. Med den siste justeringa ligg no prisane for hushalds-/hyttekundar under snittet for nettleiga i Hordaland. Gjeldande prisar finn du her

Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane ved ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.

Ny straummålar i 2017

Etter planen vil ein starte opp arbeidet med å skifte ut alle straummålere i september 2017, arbeidet skal vera ferdig ila. vinteren 2018. Den nye vil vera ein automatisk straummålar, og er ein digital målar som registrerer og sender straumforbruket ditt til nettselskapet automatisk, slik at du slepp å lese av målaren sjølv. Les gjerne meir her.

Husnesdagane 2 og 3 juni

Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband vil verta å treffa på stand ved Husnes Storsenter 2 og 3 juni. Her vil Kvinnherad Energi ha særleg fokus på dei nye straummålarane, men alle spørsmål er like velkomne.

Lågare nettleiga frå 1 juni

Kvinnherad Energi justerar ned nettleiga med 2,5 øre/kWh gjeldande frå 01. juni. For hushald og fritidshus betyr dette at nettleiga er justert med hele 5,5 øre/kWh sidan 2016. Førre justering vart gjort 1 januar 2017 med ein nedgang på 3 øre/kWh. Med den siste justeringa ligg no prisane for hushalds-/hyttekundar under snittet for nettleiga i Hordaland. Gjeldande prisar finn du her

Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane med ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.

INFORMASJON OM NYE STRAUMMÅLARAR – AMS MÅLAR

AMS måler - Datatryggleik – Straumforbruk – Stråling

Media har i den seinare tid fokusert mykje på datatryggleik i samband med montasje av nye automatiske straummålarar. Det har også vert oppe nokre saker om auka straumforbruk etter at ny målar er installert og utfordringar rundt stråling frå AMS målaren.

Observerer også at det på lokale sosiale mediar, vert diskutert problemstillingar rundt desse emna.

 

Ny AMS straummålar

Ny AMS straummålar

Datatryggleik

Data som nettselskapet hentar frå straummålaren (AMS målar) skal vera sikker og kryptert. Kraftselskapet er underlagt same strenge reglar som bankane med omsyn til datatryggleik.

All informasjon sendes via unike krypterings nøklar, på lik linje med det bankane nyttar i sine system. Ingen utanforståande har tilgang til registrerte data, med mindre kunden sjølv gjev fullmakt til det.

Ekstra utgang på målar

Den nye AMS målaren er utrusta med ein eigen kommunikasjonsutgang som kan nyttast til 3 parts utstyr og tenester. Det er særskilt denne kommunikasjons- utgangen Datatilsynet rettar eit kritisk blikk på.

For AMS målarane Kvinnherad Energi og Fjelberg Kraftlag skal montera, vil denne kommunikasjonsutgangen ikkje væra aktivert ved montasje av AMS målaren. For at denne kommunikasjonsutgangen skal aktiverast, må kunden sjølv kontakte nettselskapet for opning av denne porten.

Det er per i dag få tilbydarar som har utvikla utstyr som kan nyttast til dette, men det er forventa auka utvikling av ulike tenester og utstyr som kan tilkoplast. Fjelberg Kraftlag og Kvinnherad Energi, vil ikkje drive med utvikling og sal av denne type utstyr/tenester. 

Viktig å presisera at Nettselskapet ikkje vil ha styring med informasjon og datatryggleik rundt data som vert henta ut via denne ekstra kommunikasjons- utgangen. Kunden vil sjølv stå ansvarleg for handsaming av kven som skal få tilgang og datatryggleiken rundt dette.

 

Kan nettselskapet sjå kva kunden brukar straumen til?

Nettselskapet er pålagt å innhente straumforbruket kvar time. Det vil sei at nettselskapet vil veta ditt forbruk av straum time for time. Timesverdiane vert samla inn i løpet av natta påfølgjande døgn.

Eit døme kan væra at kunde kjem heim etter jobb, set El-bilen på lading, lagar middag, tar ein dusj. Nettselskapet vil då sjå at straumforbruket aukar i dette tidsrommet, men vil ikkje ha mogelegheit til å henta ut informasjon om kva elektrisk utstyr som er brukt.

Betre oversikt i nettet

Nettselskapet vil med innhenta data frå alle kundar knytt til sama transformator, få betre oversikt av straumforbruket i nettet og vil kunna planleggja og gjera tiltak med forsterkningar, der dette er naudsynt. Dette vil på sikt gje meir stabil forsyning og lågare driftskostnader for nettselskapet.

 

Auka forbruk – Feil med AMS måler?

I dei områda det har vert skifta til nye AMS målarar, har det i nokre tilfelle vert registrert auka forbruk. Er det då feil med dei nye målarane?

Justervesenet

Alle nye AMS målarar er godkjent av justervesenet før dei slepp ut på marknaden. Justervesenet fører både tilsyn med nye målartypar og gjennomfører eigne testar.

Straummålarar med dreieskive

Mekaniske straummålarar med dreieskive var vanleg å nytte som straummålar fram til rundt år 2000. Mekaniske målarar blir slitt og vil gå saktare med åra. Erfaring syner at mekaniske målarar i snitt går 1% saktare per 16 år driftstid. Dette kan i nokre tilfelle gje litt auka forbruk med installasjon av ny AMS målar.

 

Stipulert straumforbruk

Det er mange som ikkje les av straummålaren kvar månad, då vert forbruket stipulert av nettselskapet. Dersom straummålaren ikkje vert avlest på eit år eller lengre, vil i mange tilfelle det stipulerte forbruket ikkje samsvara med reelt forbruk.

For å unngå at det vert store overraskingar i samband med installasjon av ny AMS målar, oppmodar vi alle til å lese av sin straummålar og sende dette inn til nettselskapet.

 

AMS målar og stråling

Statens strålevern har vurdert AMS målarane i høve til stråling. Konklusjonen er at strålinga frå AMS målarane er kortvarig og svak – og ikkje helsefarleg.

Data frå straummålarane blir sendt over mobilnettet GSM 900MHz eller radio 870-875MHz. Eksponeringa frå desse er svak – vanlegvis tusendelar av grenseverdiane.

Straummålaren er svært sjeldan plassert i opphaldsrom og sender som hovudregel frå seg data ein gang i døgnet. Det kan samanliknast med å senda ein tekstmelding. Berekningar syner at ein vanleg mobiltelefon, haldt opptil øyra, strålar 50 000 gangar sterkare enn den nye AMS straummålaren. Ein berbar PC og nettbrett strålar om lag 180 gangar meir, en det AMS målaren vil gjera.

El-overfølsame

Kundar som kan dokumentera at dei er El-følsame, kan få fritak for montasje av ny AMS straummålar. Søknad om fritak må sendast til ditt nettselskap med vedlagt legeattest, som stadfestar at vedkommande er El-følsama.

Om du fortsatt lurar på noko sjekk ut AMS sida vår her

For Kvinnherad Energi
Hans Ordin Østebø
Prosjektleiar AMS
Kvinnherad Energi AS
hanso@kvinnherad-energi.no

For Fjelberg Kraftlag
Geir Atle Vangsnes
Dagleg leiar
Fjelberg Kraftlag SA
geir.vangsnes@fjelberg-kraftlag.no

Nyhendebrev frå Kvinnherad Energi

Nye nettleigeprisar for 2017

Frå 1. januar 2017 har vi justert nettleigeprisane, når det gjeld forbruksleddet . For hushald har vi redusert prisen med 3 øre/kWh. Forbruksavgifta aukar til 16,32 øre/kWh frå 1. januar. Sjå gjeldande prisar her
Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane ved ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.


Ny straummålar i 2017

Etter planen vil ein starte opp arbeidet med å skifte ut alle straummålere i august 2017, arbeidet skal vera ferdig ila. desember 2017. Den nye vil vera ein automatisk straummålar, og er ein digital målar som registrerer og sender straumforbruket ditt til nettselskapet automatisk, slik at du slepp å lese av målaren sjølv. Les gjerne meir her.


Kundekalendar utgår

Kvinnherad Energi har i ei årrekke sendt ut kundekalendar til våre kundar. Denne vil no ikkje bli sendt ut lenger, grunna at vi kjem til å skifta ut alle straummålare i løpet av 2017, noko som medførar at du som kunde vil sleppe å lesa av straummålaren.
 

Ni brannar kvar dag

Frå DSB

Det har omkomme 979 personer i brann sidan år 2000. I same periode har det vært 56 000 bygningsbrannar. 1. desember er Røykvarslarens dag med tid for bytte av batteri og testing.


Eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne og rusmisbrukarar er spesielt utsatt. Tall frå DSB viser at 75 prosent av de som omkomme i brann er i disse gruppene.

- Risikoutsette grupper kan være vanskelige å nå med vanlig informasjon. Derfor er vi avhengige av at de pårørande tar et ekstra ansvar. Sjekk om dine nærmaste har røykvarslar som fungerer og om dei har behov for en komfyrvakt, seier direktør Cecilie Daae i DSB.

Røykvarslarens dag 1. desember markerer starten på kampanjen Aksjon bustadbrann. I perioden 6.-8. desember får opp mot 40 000 husstandar over hele landet besøk av brann- og feiarvesen og det lokale elektrisitetstilsyn med tilbod om en enkel kontroll av brannsikkerheten i bustaden. DSB, Norsk brannvernforening og Gjensidige står bak kampanjen "Aksjon boligbrann", mens representantar frå brann-/feiarvesen, det lokale elektrisitetstilsyn og lokale Gjensidige-kontor står for den lokale gjennomføringa.

- Halvparten av alle bustadbrannar oppstår om natta, og du har kun få minuttar på deg til å komme deg ut av huset. Du bør kople røykvarslarane samen, slik at alle varslarane piper samtidig ved brann. Dette kan gi deg verdifull tid til å evakuere, for eksempel dersom ein brann starter i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan være med på å redde livet ditt og din familie, seier Daae.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg. Nytt av året er at du må ha minst ein varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når dørene mellom romma er lukka.

- Røykvarslarane bør testast jevnlig og kvar gang du har vært bortreist over lengre tid. Gjør det til en huskeregel å bytte batteri 1. desember, som er Røykvarslarens dag. Det er også en fordel å støvsuge den jevnleg. Det aukar varslarens levetid, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige.

"Aksjon boligbrann" er en del av «Alt vi kan mot brann», som er en nasjonal satsing frem til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper.

På sikkerhverdag.no finner du nyttig informasjon om tiltak som bedrar brannsikkerheten. Følg også "Aksjon boligbrann" på Facebook.

Kvinnherad

Ynskjer du besøk av brannvern og eltilsyn (DLE) for kontroll av brannsikringstiltaka dine og din bruk av elektrisk straum, er det mogeleg å få gratis kontroll i perioden 5. til 7. desember.  Meld deg på til Øyvind Ousdal ved Kvinnherad brannvern på mobil 970 74 594

nett:hoø

Husnes ladestasjon opna

På den flottaste oktoberdagen ein kan tenkja seg, blei Husnes Ladestasjon og Rema 1000 opna i dag. Masse folk stilte opp ved opninga ved den felles opninga av "Nye Rema 1000" og Husnes ladestasjon. Kvinnherad Energi markerte opninga ved å invitere til utstilling av miljøvennlege bilar frå, Mitsubishi, Peugeot, Mercedez, Kia, Volkswagen, Renault og Toyota.

No kan alle elbilar kome innom for påfyll ved 'Nye REMA 1000'. For abonnement ordning registrer deg her http://minside.gronnkontakt.no/bestill  ein kan og lada via SMS, sjekk informasjon på ladestasjonen eller her http://gronnkontakt.no/ofte-stilte-sporsmal

Viktig melding i samband med stormen "Karl"

Dersom det vert oppdaga feil i luftlinjenettet, er det viktig at dette vert meldt inn til nettselskapet snarast råd. Ring vakttelefon 975 65 060.

Frå DSB har vi mottatt følgjande melding som går på persontryggleik i samband med luftlinjenettet.

  • Leidningar som har falt ned må ikkje rørast og ein må halda god avstand
  • Tre og andre gjenstandar som ligg øve leidningane må ikkje rørast og ein må halda god avstand 
  • Berøring av leidningar og trær/gjenstandar i berøring med leidningar kan være livsfarleg
  • Nett- og kraftselskap må varslast, dersom ein kjem over slike tilfelle

 

Nett: hoø

 

Ladestasjoner for elbilar

Litt informasjon om kva ladepunkt som finst i Kvinnherad, og kva det inneber for elbilistane.

Husnes (opnar 6 oktober) har både Hurtigladar og Flexiladar, Rosendal har kun hurtigladar. For ytterligere informasjon sjå her (pdf):      

GRØNN KONTAKT

Hva koster det å lade hos Grønn Kontakt?

Registrerte kunder  (Når du lader med Grønn Kontakt App eller ladebrikke)

  • Hurtiglading: 2,50,- per påbegynte minutt, før rabatt

  • Flexilading: 0,60,- per kW påbegynte kvarter

Drop-in/ SMS:

  • Hurtiglading: 3,- per påbegynte minutt

  • Flexilading: 0,75,- per kW påbegynte kvarter

Få volumrabatt

Vi beregner rabatt basert på hvor mye du har ladet for, per måned:

Ladesum per måned, ink.mva

   Rabatt

Inntil 100 kroner                0 %

Fra 100 til 250 kroner    10 %

Fra 251 til 500 kroner   20 %

Fra 501 til 750 kroner   30 %

Over 750 kroner            40 %

 
Så fort du har ladet for over 100 kroner, får du automatisk 10 % rabatt ved neste lading.
Når du har ladet for over 250 kroner går du opp til 20% - og så videre. Ved månedsskiftet sjekker vi hvor mye du har ladet for i forrige måned. Dersom du ikke har ladet nok til å holde deg på det rabattnivået du er på, går du ned ett nivå.
Vi gjør oppmerksom på at det kun gis rabatt på offentlig tilgjengelige ladeanlegg, og ikke på lukkede anlegg slik som ansattlading på kontorbygg. Kun forbruk på offentlige anlegg inngår som underlag for rabattberegning. 
 
Følg med i Grønn Kontakt ladeapp eller på
Min Side for å se hvilket rabattnivå du er på, og hvor mye du mangler for å nå neste rabattnivå.